Godt nytt år!!!!

No va de visst på tide at ej oppdaterte igjen. Folk he kjefta på mej ganske lenge no:/
I jula hadde ej de kjempe kjekt! På julafta spiste ej lunch me Emily Tholen og deretter gjekk ej i kirka me familien. Vi spiste middag me Carol (tante) og opna julepakka heime. Ej he aldri sett så mange pakka før! De va heilt utrulig!! TUUSEN TAKK FOR JULEGÅVENE ALLE SAMMEN:D:D Første juledag kom familien over til oss og Karin (kusine frå texas) kom også. Vi spiste middag og hadde de veldig koseli. 26. desember pakka vi til å reise på criuse. Og ej kjøpte et nytt skopar igjen. Så no e ej oppe i 17 nye par sida ej kom hit:/ De e litt tragisk.. Men dei va kjempe fine ihvertfall:) Uansett, så pakka vi ganske masse, og på kvelden for ej og Emily T heim til Eric og såg gamle episode av desperate housewives;P

Den natta sto vi opp tidlig og reiste til Miami:D Vi reiste me ei gruppe av folk frå Minnesota, men vi va ikkje ilag me dei i de heiletatt omtrent. I vår “gruppe” va de mej, Mary, Dan, Emily D, og Karin. Vi hadde de kjempe kjekt! Vi va først to daga i Miami, der vi for til Everglades og ej holdt faktisk en liten aligator!! Ellers så gjorde vi ikkje så masse spesiellt i Miami. På laurdagen gjekk vi ombord i skipet og begynnte på reisa mot karibien. Første dagen hadde vi en dag til sjøss og vi gjorde ikkje så masse egentlig. På nyttårsafta va vi på Grand Caymon. Der va vi litt i butikka, og vi va på stranda “the seven mile beach”. De va veldig fint der! Nyttårskvelden på skipet va veldig kjekk den også. Neste dag va en dag til sjøss også. Vi hadde hatt nydelig vær fram til den dagen. På ettermiddagen va de fint, men ut på kvelden begynte de å blåse og sånn. Neste dag va de meininga vi skulle til Key West, men været hadde berre blitt endå verre, så de va farlig å legge til kai. Så då hadde vi enda en dag på sjøen i stadenfor. De va litt kjipt, men vi hadde de kjekt forde. Båten gynga skikkeli og alle vart litt sjøsjuke på kvelden, men ellers gjekk de i grunnen greitt. Neste dag kom vi tilbake til Miami og de va veldig kaldt der (62 F!!) og så for vi heim att. Ej hadde allerede gått glipp av to skuledaga så ej hadde veldig masse å ta igjen, så ej begynnte rett på skulearbeidet igjen.

Dei siste to vekene he vert enesten berre skule og lekse, for de va slutten på semesteret. Så vi hadde skikkelig masse prøve og lekse og sånn. Den siste veka va ihvertfall gale. Ej hadde European History og Pre-calculus(matte) prøve på tirsdag, European History og fysikk prøve på onsdag, European History, Fysikk og Engelsk prøve (finals) på torsdag, og på fredag va de Pre-calc(matte), Tysk og Kunst prøve (finals). Så ej hadde de ganske travelt. Men på fredag for ej, Mary, Dan, Emily Dunsworth og Emily T (venninde) på hytta. Vi va der til søndag. De va utrulig kalt der oppe. De va -30 C stort sett heile tida, og varmt-vatn røra fraus! Men vi hadde de veldig kjekt forde:) Søndags kveld etter vi kom heim for ej heim til Emily og Eric kom også, og vi såg finala på “the amazing race”, “that ’70s show”, og en film som heite “hero”. På mandag hadde ej fri pga Martin Luther King dagen, og i dag hadde ej også fri, men ej veit ikkje koffor.. Kanskje fordi vi begynne på nytt semester i morgo. Ej fe masse nye klasse. Timeplanen min neste semester kjeme til å bli fotografi, study-hall (der ej kan jobbe me de ej vil), u.s. government, tysk, fysikk og pre-calc. Ej trur kanskje de blir litt lettare enn ditte semestere, men ej skal ikkje håpe på noke. Ellers så skal ej prøve å ikkje vente så lenge me neste gong ej oppdatera, men som vi alle veit til no så kjeme de sikkert ikkje til å skje…:/ Snakkast:D 

Kultur!!

Hei igjen!! No he de virkelig vert masse som he skjedd iløpet av dei siste to vekene! For to veke sida hadde vi premiere på skuespelet på skulen og de va kjempe kjekt og gjekk veldig bra:) einaste oppgåva ej hadde va å heise ett flagg på rett tidspunkt, men de va nå litt kjekt de også:P Forge veke hadde vi torsdag og fredag fri, så på torsdag va ej og Emily Tholen (ei venninde) og mora, bestemora og naboen hinna på Macy’s (en stor butikk/kjøpesenter) i Minneapolis. Der hadde dei nemlig utstilling av “Nøtteknekkeren”, i Ivo Caprino-stil. Og etterpå såg vi på masse fine kjola! Og så for vi heim til Emily og Laurie (venninde) kom også. Vi va der heile kvelden og spelte DDR (dansespel på playstation for dokke som ikkje veit de) heile kvelden. Emily kjørte mej heim igjen etterpå. De e skikelig rart å sitte i en bil me folk på min alder som kjøre! Ej blir litt misunnelig på dei:/
På fredag 16. va vi på Celtic Woman me et vennepar. Emily T. vart me oss, og vi hadde de kjempe gøy!! Celtic Woman e ei slags gruppe av dame som synge fint og ei som spela på fiolin mens ho hoppa rundt på scena i høghela sko(!). Dei va veldig flinke! Og på laurdagen va de Emily Dunsworth (“søster”) sin bursdag (og Hanne sin. Gratulerer me overstått Hanne!!). Så ho, ej og Mary for på MOA (Mall of America) for litt “dress-shopping”:D Ej kjøpte verdens finaste kjole (og to andre kjola)!!! Åsso prøvde ej en kjempe fin prinsesse-kjole! Den va rød og kjempe “poff” og hadde noken fine paljetta på. De va sånn at når du satte den på golvet sto den der av sej sjølv!! men ej kjøpte den ikkje:( *sukk*… Uansett. på kvelden va vi på en fin restaurant og spiste, åsso for vi til Emily’s hus og ho fekk gavene sine. De va en kjekk dag:)

Dinne veka hadde vi også torsdag og fredag fri, pga thanksgiving. Men høgdepunktet for dinne veka va “The Lion King” på onsdag!!!! Dinne gangen vart Laurie me oss. Vi spiste på en fin restaurant og ej hadde på mej sko som til og me kristine h hadde hatt problemer me å gå i!! (dvs at dei va veldig høge og stilletthel). Åsso begynnte de å snø:D:D men, ja.. Lion King. De va kjempe bra!!!!!!! WOW!! Kostyma va fantastiske, scena og bakgrunnen va utrulig, og alt dansa. t.o.m. graset dansa!! Ej skjønna godt koffor de he overlevd på Broadway så lenge og fått så mange prisa! Ej vart veldig fasinert av sjiraffane og gazellane, og elefanten, og de store ansikte til mufasa på himmelen!! ÅH ej vil sjå de igjen!!! Viss dokke fe muligheita til å sjå de noken gong, så MÅ dokke gjere de!!! Beste show ever!!

Åsso i går va de thanksgiving. Vi va me Carol (tante) og de va veldig koselig. Først spelte vi “apples to apples” (ej kjempe kjekt kortspel me ord) og så spiste vi. Vi hadde kjempe masse mat, og de va akkurat som man forestille sej en thanksgiving middag. Vi hadde kalkun, stuffing/dressing, green beans, lefse(!), sweet potatoes me smelta marshmellows på, og masse meir som ej ikkje kjeme på i farta. Ej og Mary hadde laga små kalkuna av sjokolade-dekte kirsebær, kjeks, ritz-kjekt, candy corn til haud, og butterscotsh-dropa til føte:D dei va kjempe søte (og utrulig gode om ej må få sei de sjølv)!!!:D Ellers så he ej neste ingen plana dinne helga, bortsett frå at Emily og Laurie skal komme over i morgo kveld. (åsso litt lekse da, selvfølgeli:/).
Også skal ej vere me i tysk-skuespelet! Vi skal ha to skuespel, “Hans og Grete” og “Froskeprinsen”, og ej skal vere me i froskeprinsen. Ej skal vere prinsessa, og dvs at ej he ganske masse å sei, åsso skal ej vere på scena stort sett heile tida. De blir kjekt! Neste helg skal ej på en skuletur me noken av folka i tysk-klassa og vi skal overnatte på en veldig tysk plass:) Ej gler mej:D Og snart e de jul, så då kan de hende at noken fe noke lite i julegåve. Ihvertfall viss de rekke fram i tide. Vi skal begynne å pynte til jul i dag så de blir veldig gøy:) Ej he begynnt å høre på en radiostasjon som berre spela julemusikk!! Jippi! Jul!!! :D :D 

Dei norske afs-studentane i Minnesota-området

Norske afs-studenta

Halloween!!

Sorry (igjen) for at ej e så treig me å skrive om ka som skjer.. Alltid når ej skal skrive på bloggen så bruka ej så masse tid som ej egentli ikkje he.. Men ej skal prøve å skrive fortare (og dessverre litt mindre) for kvar gong, så kanskje ej kan skrive litt oftare.
Vi hadde homecoming på skulen for ei stund sida (he ej snakka om de??) og de va kjekt:) Kvar dag hadde tema som folk kledde sej ut til (mandag: superhelt, tirsdag: western, onsdag: college, torsdag: fargedag(kvart klassetrinn hadde sin eigen farge, ej va gul) og fredag va Mounds View dag). På fredag va også fotballkampen (min første amerikanske fotballkamp!!!) og de va ganske kjekt. Vi vann:) Vi hadde en pepfest på skulen for å få opp “school-spirit”-en. Cheerlederane e kjempedårlige, men danse-teamet e super bra!!! Ej gjekk ikkje til homecoming dansen, men folk sa de va ganske kjedelig.

Forge veke hadde vi torsdag og fredag fri, så Mia, Bailey og ej va på fotball-kampen på onsdag, og på torsdag overnatta Mia me mej og vi såg skrekkfilma:) På fredag for Mary, Dan, Emily og ej til hytta. De va Dan sin bursdag på laurdag, men vi gjorde ikkje noke spesiellt. På torsdag tok Mike og Mandy (forlova par i tjueåra, Mike e sønnen til noken gode venna av Mary og Dan) mej og Mia me til noke som heite “Trail of Terror”. De va superduper kjekt!! De va mange små “haunted houses” der og ett stort. Ej vart så skremt! En fyr i de store huset klarte å få mej og Mia til å hyle fem ganga på rad, og så sa han, heilt normalt: “Seriously guys; five times?!”. Vi va ganske patetiske.
Halloween e virkelig big deal her. Godtteri-hyllene i butikkane e overfyllte me halloween-snop og dill og dall. Ej he aldri sett så masse unødvendige ting før!! Men de e ganske kjekt:)
I går va ej på et Halloween party me dei andre afs-studentane, utkledd som Marylin Monroe. Ej vann en pris for søtaste kostyme:D Vi hadde de kjempe kjekt!! Og ej klarte endelig å lære dansen til “soulja boy”. Jippi!
Ellers så e de ikkje så masse å fortelle… Viss dokke lure på noke e de berre å spørre. Ej kjeme sikkert til å svare før jul en gang;P  Snakkast!!^^

Hei igjen:)

Sorry at ej e så treig me å oppdatere:/ Ej he vert veldi opptatt i de siste. Både me lekse og me kjekke ting:) Laurdag 15. september va ej, Mary og Dan på Renessanssefestivalen. De e den raraste plassen ej he vert i heile mitt liv!! Når du gjekk gjennom dei portane va de som om du hadde gått rett inn i ei tidsmaskin og den tok dej femhundre år tilbake i tid! Der va masse folk (spesiellt tjukke folk) som kledde sej ut og lata som om dei levde i den tida. Og folka som jobba der flytta rundt frå plass til plass ilag me festivalen og gjer ditta heile året! Vi møtte en fyr som jobba der (som faktisk va ganske normal) og han sa at han hadde rømt heimafrå når han va femten og blitt me i sirkuset!! Ej trudde ikkje folk gjorde de?!?! Ej trudde de va berre på film…
Den veka etter hadde ej veldi masse lekse. Ej satt heile dagane me lekse. Og ej fekk ikkje tida til å slappe av i helga heller. Då va ej på AFS-møte i Wisconsin. Vi va der frå laurdag til søndag, og hadde de kjempe kjekt!! Vi laga t-skjorte på søndag, og ej fekk alle til å skrive under på mi, og skrive noke på deira språk. De va litt kult:)
Når ej kom heim igjen frå Wisconsin hadde Mary og Dan laga til et overaskelses selskap til mej (men ej fekk vite om de to tima før de va) og de va kjekt:) Ej fekk smykke, gåvekort, genser og hår-ting. Me Dan og Mary på mandag fekk ej en sovande katt (som va kjempe søt!) og fine øredobba og en nyyydeli ring! De va kjekt:) Ej hadde ikkje tid til å feire på mandag, for ej hadde så masse lekse. Men de va greitt. Ej hadde ganske mange prøve, og sånn men resten av veka gjore ej ikkje like masse lekse. Ej he blitt me i crewet til haustskuespelet, og skal hjelpe til me å bygge kulisse og sånn. Og ej skal melde mej inn i tysk-klubben. Vi hadde oktoberfest på fredag (noke tysk-greier) og de va kjekt. Der va en del folk, og vi spiste kake, og hadde spel og konkurranse. De va koseli. Dan he vert sta å fiska i helga og kjeme heim i morgo. Så ej og Mary he berre slappa av dinne helga. På fregag såg vi Monty Python and the Holy Grail, og i går såg vi What’s eating Gilbert Grape, Memoires of a Geisha og The Holiday. Ej likte alle filmane:) I dag skal vi berre masse småting, og ej må gjere lekse. Så dinne dagen kjeme nok til å gå fort. De kan også ha noke me å gjere at ej sov ganske lenge…
På laurdag vi vi på en butikk i minneapolis og kjøpte smørbukk, melkeskokolade, twist og alghrens biler. Nam. Btw, tusen takk for gavene, mamma, pappa og Sandra. Men ej må nok informere om at tøflene va litt for små:/ Men dei e like fine forde:D
Men uansett, så skal ej prøve å ikkje la de gå så lang tid mellom kvar gong ej skrive noke, men ej kan ikkje love noke. Snakkast:)

Skulestart

No he skulen begynnt. De går faktisk veldig greitt. Ej he møtt masse kjekke folk, og ej spise faktisk ikkje lunsh aleine!! Ej he noken å sitte me kvar dag. I de siste he ej sotte ilag me ei som heite Amelia (Mia). Ho e også ny. Der e masse folk på skulen! ca 2000!!! Så vi e delt opp i fire lunsha. Ej he lunsh midt i mattetimen. De e litt deilig å få ei pause frå den vanskelige matta. Ej må stå opp 5.30 KVAR DAG!!!!!!! Bussen min går kvart på sju. Når ej kjeme heim igjen sitte ej me lekse i fleire tima. Mest matte for de e så vanskeli. Men de går greitt egentli. Forge helg va vi opp på hytta ilag me masse folk. Ej og Marie tuba (dvs henge etter en båt på en badering-lignande ting på magen kjempe raskt) i ca to tima på laurdagen så ej va ganske stiv på søndag for å sei de mildt. Men ej va jo fortsatt sjuk, så på grunn av litt diverse skriking og hyling i to tima så mista ej stemma. Den kom ikkje tilbake igjen før på tirsdag. Og ej e fortsatt sjuk:( Uansett så va ej i et bursdagsselskap dinne laurdagen, og de va kjekt. Masse kjekke folk. Åsso va ej på et danse studio og tok en dansetime time med moderne. Ej he også vert på kino igjen og såg Nanny Diaries. Men no he ej nesten ikkje tid til å gjere så masse. Men ej begynne me piano-tima på onsdag i en halvtime. Så kanskje en dag ej kan bli like flink som Kristine H;) Ej veit ikkje ka tid ej fe tid til å skrive igjen, men vi he ihvertfall fått igjen internett så de e ikkje sikkert de blir like lenge mellom kvar gong:)

Snufs:(

Siden tirsdag he ej vert sjuk:( forkjøla. De e bra at ej bur me en dorkter ihvertfall for han veit ka han skal gi mej for at ej skal føle mej mindre elendig.. Nesten alle e sjuke no. Kjipt. Uansett, så møtte ej ei jente som heite Paige på tirsdag. Ho skal gå i 10. klasse på samme skule som mej, og ho inviterte mej me til et “sweet sixteen”-party på onsdag. Der va masse folk, ca 200, og de va ganskje kjekt:) Vi dansa masse. I dag e ej fortsatt sjuk, men de hindra ikkje mej fra å shoppe:) Ej kjøpte tre nye toppa, en nyyyydeli svart kjole (så no trenge ej ikkje å låne Sandra sin lengen;)) pluss tre nye skopar til 130kr tilsammen!! Så no e ej oppe i ni skopar på tre veke. Ej skal også tilbake og kjøpe et 10. skopar for dei passa PERFEKT til den nye kjolen min!! Dei va ikkje like billige men de bryr ej mej ikkje om! No reise vi opp til hytta om ca en time, og ej he ikkje pakka. De e ikkje likt mej i de heile tatt! Der kjeme til å vere masse folk! Vi blir sju i vår hytte, åtte i nabohytta (et venne-par av Mary og Dan og familien deira), fire eller meir i Carol si hytte pluss nabohytta til Carol. Og alle kjenne kvarandre! Så de blir ei travel helg. Men mest sannsynlig vert de:D Må berre ta me masse haudeverks-tabletta så går de nok bra;)

Alt e så STORT!!

No he ej endeli vert på Mall of America. Ej he aldri sett noke så stort før!! Dei he et tivoli me mange berg og dal-bane inni kjøpesenteret!! Pluss at dei he et stort akvarium også! Me masse haia og sånn. Ej tok på en sånn fisk (djevelrokk eller noke sånn, berre liten) sånn som e på den lille havfruen. Den va skikkeli slimete og ekkel. Åsso prøvde ej verdens finaste kjole! Den va rød og kjempe fin! Men ej kunne ikkje puste i den, så…. Uansett, ej va på noke som heite State Fair på søndag. De e en plass der masse masse folk kjeme og spise mat på pinne og gjer andre ting. Dei e 56 forskjellige sorta mat på pinne, pluss at dei alt mulig rart frityr steikt (som frityr steikt oreo, og snickers). Der va også hesta, fine hunda og masse tjukke folk. Og der va masse tivoli ting. Ej e sikker på at der va ca 100000 folk på søndag eller meir. Men de va kjekt. Marie (nabojenta) va me oss både til MOA og State Fair. Ho skal også vere me til hytta i helga. I går møtte ej og familiem min mange andre AFS-studenta i samme område, og ei av dei skal gå på samme skule som mej. Ej såg også Hairspray på kino me Carol (tanta mi) og ej likte den:) Ellers så e de ikkje så mange nevneverdige ting å sei bortsett frå at Emily kjøpte mej parfyme++ og nye høghela sko! Når ej går me dei blir ej minst like høg som kristine h! Seriøst! I helga skal vi opp til hytta og masse andre folk kjeme også! Vi skal vere der til mandag. Ej begynne på skule på tirsdag, så de e litt skummelt.. De e alt ej he å sei for i dag:)

Full timeplan..

No e de ikkje lenge før skulen begynne her (4. september). Ej he fått ordna masse skulegreier, som å ta bilde og fått skap og timeplanen min. Ej fekk de beste skape på skulen! De e de første skapet på skulen og de e perfekt:D
I helga fór vi til hytta opp nord. Naboane våra vart me, blant anna ei jente som e ett år yngre enn mej. Ho e veldig kjekk:) Vi va på en godtebutikk og kjøpte masse godt snop! Vi hadde egentli tenkt å stå på vannski og sånn, men været va for dårlig så de vart ikkje noke av. Men som trøst tente vi bål om kvelden og spiste smores og Dan tente på masse fyrverkeri. Vi hadde de veldi kjekt. Vi gjer på masse ting no før skulen begynne på igjen, så ej e opptatt kvar einaste dag! I går va ej, Dan og Emily på et science museum og sågen film om gamle Hellas. Vi satt i en veldig rar kinosal der man nesten låg i seta og filmen va overalt rundt dej. De va kult. etter på va vi på ei utstilling om Pompeii (byen som vart begravd av et vulkanutbrudd) og vi såg ekte folk som hadde dødd der og stillingane der låg i va akkurat sånn de he vert i 2000 år. De va litt ekkelt.
I helga skal vi på Mall of America og på noke som heite State Fair. De e veldig stort, og de e masse ting som skjer. Bl.a. kjeme mange kjente artista som Fergie og B.B. King. Ej trur ikkje ej skal fare på noken av konsertane da… De e litt dyrt.
Ej he ihvertfall heilt full timeplan til skulen begynne, og ej trur ikkje de blir noke mindre hektisk då. Men ej skal prøve å komme me ei oppdatering før skulen begynne, og ej håpe vi snart fe internett tilbake..

For en start!

No he ej endeli komt fram til Shoreview, Minnesota!! Foreldra mine her e kjempe kjekke og dei teke mej me på masse kjekt! Første dagen min her va vi på et slags sirkus me masse akrobata som berre va tenåringa! Dei va kjempe flinke! Første natta her va ej på en leir me mange andre AFS-studenta. De va kjekt men air-conditionen va ødelagt så de va minst 50 grade på soveromma og på oppholdsromma. De va uutholdelig. Og som om ikkje de va nok så vart de en skikkelig lyn og torden-storm om natta som va heilt grusom! de lyna nesten konstant og bråka noke utrulig! Ej våkna av at lynet traff bygninga rett ved siden av oss og sprengte mursteinane av veggen!! Og for noken daga side va de like gale, me masse lyn og torden og pissregn! Ej he aldri sett så masse regn før! Og så plutrelig begynnte de å hagle!! Hagla va store som tennis-balla og ødela vindua og taket på huset vårt! Ej og Danny (faren min her) va ute og kjørte når de skjedde og vi måtte stoppe for vi kunne ikkje sjå noke!! Når de slutta å hagle va det store is-hauga over alt og døde fugla:( Men ej trur de værste av uværet e over no. Heldigvis:)

På mandag så va Mary (mora mi) og ej sta og shoppa! Ho kjøpte mej klede til over 300 dollar (ca 1800 kr)!! Ej fekk mej masse fint:) Ej he møtt mange folk som skal ta mej sta og shoppe:D I går va vi på kino og såg Stardust og kjøpte mange filma. I dag he ej og Dan vert på skulen og snakka me rådgivaren min og fått ordna masse ting:) Vi kjøpte en stereo-ting som kan spele av i-poden min og cd-a og radio:) I kveld skal ej møte søstra mi Emily for første gang! Ej gler mej. Og til helga skal vi opp til “Lake-house”-et vårt sammen me mange andre kjente. Der kan vi stå på vannski, tubing og vi kan snorkle:D
Ej veit ikkje ka tid ej kjeme mej på internett neste gang, men ej håpe de ikkje blir lenge til:) Ej skal prøve å legge ut bilde seinare, men ej e ikkje akkurat en data-ekspert, så vi får sjå ka som skjer:)

« eldre oppføringar